Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 16 sitater

Og førti år seinare kan eg seie at den tidlege Bringsværd var ein forfattar som gav meg lyst til å skrive. Men ikkje til å prøve å etterlikne.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

....Og kanskje er nettopp dette eit privilegium: Vere heimlaus og ein farande fant, og så brått, og like uventa kvar gong, få denne kjensla av å vere "heime". Og ting fell på plass.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er noko som skjer med mange forfattarar, truleg med dei fleste. Dei sprett fram, gjer seg gjeldande, viser oss noko rart, noko vi ikkje hadde sett før, viser oss noko endå rarare - og så går åra, og forfattarane bestemmer seg for at no får det vere på tide å slutte med desse ungdomsfaktene og begynne å lage litteratur. Skikkeleg litteratur. Og dei begynner å oppføre seg som forfattarar og uttale seg som slike.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nemnast må vel også at eg har spelt (orgel) til gudsteneste i ei kyrkje for døve, noko som også må seiast å ha vore ei spesiell oppleving. Men også avslappande. Eg sat der overtydd om at ingen av dei døve ville kome til meg etterpå og klage på spelinga mi.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Alle som har prøvd det, veit det: Skal ein seie noko om ein såpass kjend og folkekjær diktar som Jakob Sande, blir ein vakta vel. For om ikkje absolutt alle har eit forhold til han i dag, så har iallfall alle slags menneske det, også slike som elles ikkje les dikt eller bøker. For Sande er eit monument, han har si eiga byste og sitt eige selskap som sørgjer for at stadig nye kapasitetar
uttalar seg om mannen og forfattarskapen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er ikkje noko storslått ved ei ferje. Ho er vakker, ja visst, på sin kantete og keitete måte, men ikkje noko prangande ved ho. Ho skal berre over fjorden, og så skal ho tilbake til utgangspunktet. Meir er det ikkje. Og likevel så uendeleg mykje. Og ho har sett sitt preg på oss for alltid.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ironikaren er i sitt vesen uangripeleg, og ironi fungerer best når den opnar for sin motsetnad, det som blir sagt rett ut, det som viser ei sårheit, noko som tyder på at ein vil gi litt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette kan eg trygt seie no, etter tretti år og endå fleire bøker, at livet og litteraturen går vidare, det er så frykteleg mange bøker der ute, og alle fortener ikkje å bli lesne, men mange av dei gjer det, og om dei ikkje har nokon avgjerande innflytelse på livet, så kan dei likevel gjere noko med deg. Til dømes gi deg gleder du bør unne deg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er så mange bøker der ute, og begynner ein først å tenkje etter kor mange bøker det eigentleg er, og som ein aldri får sjansen til å lese, så begynner det lett å svimle for ein.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Å reise åleine kan ha mykje for seg. Det same kan det å reise saman med nokon, om det då ikkje blir ei heil gruppe, som er sterkt å frårå. Det maksimale bør nok vere tre stykke, og to er vel så bra. Det kjem litt an på kven den eine er.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenHarald KTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli Hagelundmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterHanne Kvernmo RyeIngeborg GCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_MesonPiippokattaKirsten LundTorill RevheimBjørg RistvedtLinda Nyrud