Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Ved sida av sex, pengar, fotball og popmusikk er nok reisene det viktigaste.
Eg veit ikkje om det er så sunt, akkurat, å lese over 400 tettpalla sider med lyrikk i ein jafs, det gjer rare ting med hjernen din, den blir invadert av draugar og stormar og forlis, av bleike barn, av djevlar og huldrer, hestar og lik og voldsomme slagsmål i fylla, og eg veit ikkje om eg nokon gong heilt kjem til å bli meg sjølv att, men eg har iallfall gjort det, og eg kan stå fram med løfta hovud og seie at eg no har lese alle dikta til Sande som er samla mellom to permar.
Ein treng berre sei ordet for at ein sann vestlending skal få ei lita tåre i auget. Ferjer. For dette er eitt av dei magiske orda. Eitt av dei som er med på å gjere oss til vestlendingar. Vi har noko fint, tenkjer vi. Noko som dei andre ikkje har. Vi kallar det ferjer. Og mens dei smeller opp stadig nye bruer og trekker stadig fleire ferjer ut av trafikk, så blir dette stadig viktigare for oss. Dei må ikkje ta ferjene ifrå oss! Kva har vi då igjen? Sjølv om vi både tidt og ofte har forbanna ferjene og alt deira vese, når vi akkurat har mist siste ferja ein sein haustkveld, når vi kjem sist i køen og bilen framfor oss er den siste som kjem med når ferja er eit kvarter forseinka og polet akkurat er stengt når vi kjem fram.
Dylan Thomas er bortimot den optimale mytiske forfattar. Han skreiv tekstar som blir hugsa, han var stor i kjeften, han gjorde mykje av seg, og han drakk mykje. Betre kan det på ein måte ikkje bli.
Eg kjem frå fiksjonens land, eit land det ofte er godt å vere i.
Det mest naturlege er at avreisa skjer tidleg om morgonen eller seint på kvelden, men også andre tidspunkt kan komme på tale.