Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 23 sitater

Eg skal ta den for deg, Karoline, sa du, og dermed kom du meg i forkjøpet med å avlaste henne. (...) -Synest du ikkje det er tungt i det heile tatt, du? spurde ho da ho såg at du brukte berre ei hand til å bere stokken. -Tungt? sa du, du var raud i fjeset, og det var så vidt ikkje armen rauk i to på midten, men du kunne ikkje begripe kva ho snakka om.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har ho hatt på han rosa body? seier ho, ho ser måpande og litt latterildt på meg eit par sekund, og så ristar ho oppgitt på hovudet (...) Det at ho snakkar som om det er ein sjølvsagt ting at det er Helen som har kledd på han, det er nesten enda meir irriterande, har ho hatt på han ein rosa body? sa ho, ho veit godt at eg kler på og steller Daniel minst like mykje som Helen, men ho lèt som om ho ikkje veit det, ho lèt som om ho trur ting er slik ho meiner dei skal vere, og så skal eg liksom føle at noko er feil når dei ikkje er slik, er ein måte å protestere på, dette.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tenker ein på det å være ung på slutten av 60-talet og begynnelsen av 70-talet, ser ein straks for seg strenge AKP-arar gå i demonstrasjonstog mot Vietnamkrigen eller langhåra og hasjrøykande hippiar som sit i ein park og hører Jimi Hendrix og seier wow. Alle gjer det. Til og med mora mi gjer det. Sjølv om ho sannsynlegvis ikkje veit kven Jimi Hendrix er eingong, så gjer ho det. Ho ser ikkje for seg sitt eige 60- og 70-tal, ho ser for seg 60- og 70-talet til dei som var poulære og skoleflinke og ressurssterke den gongen ho var lita, dei som var fødde med ei sølvskei i munnen og som sklei gjennombarneåra utan å pådra seg eit einaste sår, og som seinare vart radikale studentar og akademikarar. I tiår etter tiår har dei sete i maktposisjonane sine og presentert sin versjon av 60- og 70-åra, og det er dette mamma ser for seg. Sjølv om ho ho voks opp i vesle Namsos og sannsynlegvis ikkje har sett ein hippie i heile sitt liv, sjølv om ho aldri har gått i demonstrasjonstog, og sjølv om det nærmaste ho har vore utdanning, er å ligge med en usympatisk lærarvikar vi hadde på Namsos ungdomsskole i første halvdel av 80-talet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I 1980 fekk nemleg mannen hennar Dagny påvist ALS, og berre eit knapt år seinare døydde han etter eit frykteleg sjukeleie der han sakte, men sikkert mista kontrollen over musklar og andedragsorgan. Ifølgje ho Paula var dette omtrent samtidig som kona til Steinar begynte å bli sjuk for alvor, og i den fortvilande opplevinga av å sjå sin eigen ektefelle visne meir og meir bort hadde Steinar noko til felles med Dagny, dei skjønte kvarandre [...]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi hata henne [klasseforstanderen] intenst. Det vil seie, utan at eg forstod det den gongen, så var det nok ikkje henne vi hata, men den skolen vi assosierte henne med. For ikkje berre prøvde skolen å fylle hovuda våre med kunnskap som vi visste at vi aldri ville få bruk for, og ikkje berre vart vi lurt til å tru at vi var dumme og late når vi ikkje lærte det som lærarane sa at vi skulle lære, men i tillegg så vart vi fan meg fråtatt alle mulegheiter til å utvikle dei evnene vi trass alt hadde. Ingenting av det vi kunne eller visste, vart verdsett. Ta meg, for eksempel, da eg gjekk i åttande klasse kunne eg ha skrudd i stykke og sett saman igjen den gamle og alltid fuskande Datsunen til Anda [klasseforstanderen] på omtrent like lang tid som ho brukte på å få start, men likevel snakka og oppførte ho seg som om det var eg som var idioten av oss. Eller Bendik, han var jævla flink med hendene, men på skolen var han avspist med ein time sløyd i veka, og da satt han der som ein psykisk utviklingshemma og pussa på ei brødfjøl som det til og med var sløydlæraren som hadde skore ut, for saga fekk han jo ikke komme borti, den var farleg, ikke sant.

Så skolen var ein ni år lang krenkelse, det er det som er saka. Det var ei ni fuckings år lang audmjuking av oss som var meir praktisk enn teoretisk anlagt [...]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Alle har behov for å bestemme over seg sjølve og sitt eige liv, og når både ektefellen og den kulturen ein er ein del av, prøver å hindre ein i dette, vil ein sannsynlegvis leite etter andre og meir skjulte måtar å skaffe seg makt på.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Ja, for eigentleg er det ei stor gåve å få lov til å vekse opp og leve på ein gard som dette, berre det å vekse opp og vete at du er ein del av denne rekka som ikkje sluttar med deg sjølv, spør du meg, så er det verdt minst like mykje som natur og frisk luft og ro fred, ja, for det å være ein del av ei slik rekke, gjer ein trygg på kven ein er og kven ein skal vere, det gir retning i livet...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har reist ifrå meg, eg no, seier eg. Reist ifrå deg? seier han Odd Kåre. Du har jo aldri vore utanfor landets grenser, seier han. Nei, det er no så, seier eg.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

-Fy fan, flirte Bendik, han tørka lattertårene og rista på hovudet. - Du er ikkje sann. Kor mange kromosom har du eigentleg?

-Fleire enn deg, i alle fall, sa Janne

Godt sagt! (11) Varsle Svar

... for vi var ikkje byfolk, vi var barn av skogen, og alle skogens skapningar var våre søsken, dei helvetes flugene inkludert.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tone HTone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild Sritaoline