Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 23 sitater

Skamma over å komme der ein kjem frå, og over å være den ein er, og forsøka på å gjære noko med det. Det var viktige krefter og drifter i livet til mødrene våre og til alle andre som kom frå der vi kom ifrå, og kanskje er det redselen for at desse driftene og kreftene skal få oss til å gjære dei samme feila som dei gjorde, som gjer at eg avsluttar med å skrive om dei. Eg veit da fan.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fan er det for slags mann som slår sin eigen kjæraste til blods. Kan ikkje kallast ein mann eingong. Er så jævla feigt. Hatar meg sjølv for det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ho ser ikkje for seg sitt eige 60- og 70- tal, ho ser for seg 60- og 70- tallet til dei som var populære og skoleflinke og ressurssterke den gongen ho var lita, dei som var fødde med sølvskei i munnen og som sklei gjennom barneåra ut å pådra seg et einaste sår, og som seinare vart radikale studentar og akademikarar. I tiår etter tiår har dei sete i maktposisjonene sine å presentert sin versjon av 60- og 70-åra, og det er dette mamma ser for seg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur ikkje noko på denne godheita og toleransen din...eg trur du fortrenger det mørke i deg, og eg trur du speler snill og god berre for å stadfesta at du er betre enn meg og alle dei andre rundt deg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Rektor hadde eit stort, trillrundt og nesten alltid smilende ansikt som fekk han til å likne ein fluortablett

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Når vaksne folk snakka om Janne, sa dei ting som at ho "ikkje var heilt heldig med utsjånaden" og at "ho var snill og god, men kanskje litt seinare enn enn andre på same alder"? Men slik snakka dei berre fordi dei ville innbille kvarandre at dei var hyggelege, for dei meinte så klart det som eg og Bendik sa rett ut, nemleg at Janne var stygg og dum.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

På kveldane satt han for det meste inne i det illeluktande skuret og koste seg med heimbrent og kaldvatn i skimmeret frå ei 20 watts lyspære, og det lengste han kunne strekke seg i å være raus og gavmild, var å invitere det einaste barnebarnet sitt på den nye kinarestauranten i Namsos, for ho hadde anoreksi og var aldri svolten likevel.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mens Dagny utan blygsel fortalde dei mest intime detaljar frå sitt eige liv, ville Paula nesten alltid spørje seg sjølv om dei andre ville vere interesserte i det ho hadde tenkt å fortelje, og ettersom svaret altfor ofte vart nei, vart ho gjerne sittande og vere den stille i forsamlinga, den som lytta oppmerksamt til det dei andre hadde å fortelje, og som nøgde seg med å komme med ein liten kommentar eller ein liten latter etterpå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rektor hadde eit stort, trillrundt og nesten alltid smilande ansikt som fekk han til å likne ein fluortablett.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Huset der du og Erik og mora di budde, var lite, skakt og skeivt, og det trong ikkje blåse meir enn frisk bris før ein fekk midtskil når ein satt inne i stua og såg Dagsrevyen, så trekkfullt var det, i følgje bestefar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

kntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette Augustin