Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

Då eg kom attende til bordet, hadde sjefen gøymt banana. Ho låg ikkje på bordet, og fjeset til sjefen vart blankt og utfordrande, så det var ingen tvil om kven som hadde vore på ferde. Krisitin såg stivt ned i bordplata og var ille til mote, og ettersom eg ikkje visste korleis eg skulle bere meg åt i denne situasjonen, blei eg ståande nokre sekund i villreie. Men eg fann ikkje ut av det. Eg blei ståande med ein stiv grimase.
– Hm, sa eg, men ingen svarte, og det blei snart så usikkert og pinleg at det blei for mykje sjølv for sjefen, så ho tok banana fram frå fanget sitt og la henne på bordet rett framfor seg. Så lo ho.
– Du var redd no, Maria. Redd eg hadde tatt banana di. Ha ha ha ha ha!
Eg lo anstrengt, og Kristin sukka høgt.
– Du trudde kanskje eg hadde ete banana di, du, no, lo sjefen, og eg lo også, eg strekte meg fram og snappa banana tilbake og sa:
– Du kunne godt ha fått ho. Eg har ei til på bøttekottet.
– Nei takk, nei takk, nei takk, lo sjefen. – Jammen likar du banan, Maria, lo ho vidare, – banan kvar dag for din del, sa ho og laga apelydar.
Eg berre drog litt på smilebandet og nikka stadfestande.
Jau då, eg likte bananer.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er det viktigste, kjem ho til å seie til reporteren, gjerne Halvor Folgerø frå Vestlandsrevyen: - Å bli elska. Då kjem resten av seg sjølv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelEllen E. MartolAnne-Stine Ruud HusevågtuhamreMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingKirsten LundHarald KLailaReadninggirl30TanteMamieReidun Anette AugustinChristoffer SmedaasBirkaTor-Arne JensenLeseberta_23Aud- HelenTorill RevheimBenedikteHanne Kvernmo RyeChristin SillibakkenTrude JensenLars Johann MiljePiippokattaFride LindsethLisbeth Marie UvaagStig TFindusIngeborg GAkima MontgomeryRoger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_Meson