Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 12 sitater

Det nye politiet skulle overvake moralen. [...] Lova gjeld det som "støyter offentlig moral". Frykta breidde seg over landet mitt. Vi visste ikkje lenger korleis vi skulle kle oss, eller korleis vi skulle oppføre oss. Dei eldgamle sudanske tradisjonane blei brutalt erklærte som "syndige". Det var byrjinga på eit mareritt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg bøyer meg aldri. Eg kjem ikkje til å trygle dei om noko. Eg unner dei ikkje gleda å sjå tårene mine renne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ho hadde blitt arrestert fordi skautet hennar ikkje dekte håret godt nok. I protest hadde ho rive det av seg og kasta det frå seg. Ho fekk dobbel straff. Førti piskeslag for å ha synda mot paragraf 152 i straffelova, og i tillegg seksti piskeslag for å ha krenkt islam. Det var ingen vitne, for ho hadde blitt arrestert på gata. Eg visste ikkje kva ho heitte. Eg leitte etter namnet hennar utan å finne det. Piska kvinner held dessverre fram med å skamme seg, men kva skammar dei seg for? Dei har ikkje gjort noko brotsverk, dei er ikkje skuldige i noko. Det er dette eg vil halde fram med å seie heilt til dei hører meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lovene våre, dersom ein kan kalle dei lover, inneheld ei rekke straffeutmålingar for ulike lovbrot. Det er ikkje berre paragraf 152 i straffelova av 1991 som er kritikkverdig, denne paragrafen som straffar med førti piskeslag ei kvinne som har på seg bukser. Det er mange andre underlege paragrafar i dette lovverket, der det blir presisert korleis ein skal kutte nasen av folk, brekke armane deira, amputere beina på dei og skjere av dei kjønnet. Paragraf 148 straffar alle homoseksuelle med hundre piskeslag. Det er same "pris" som for valdtekt, det vil seie "to og ei halv bukse". Når det gjeld kjærleik mellom to vaksne folk som ikkje er gifte, er straffa svært streng. Det er steining. Paragraf 154 er spesielt merkeleg. Den seier at kvinner og menn som er samla på ein stad utan å vere gifte med kvarandre eller er i slekt, er forsamla på syndig vis, sidan ein av mennene i ein slik samanheng "kunne tenkast å utføre ei seksuell handling". Kor absurd kan det bli i dette bakvendtlandet?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei gruppe martyraspirantar trudde at dei hadde funne ut kvar Bin Laden heldt til, sjølv om han aldri forlèt det fasjonable strøket i Khartoum, der han hadde luksusbustaden sin. Han var like fanatisk som dei, men dei meinte likevel at han ikkje heldt seg strengt nok til læra, og ville derfor kverke han. Under fredagsbøna opna dei eld i moskeen. Det blei eit blodbad. Kort tid etter reiste Bin Laden frå Sudan til Afghanistan. Før han drog, uttala han seg om dei ideologiske usemjene han hadde med vertskapet, som han meinte var for slappe når det gjaldt sharia. Folk hos oss har gjestfridom i kroppen og har alltid teke imot alle kulturar og tradisjonar. Dei skjønte seg ikkje på desse utlendingane som dei hadde opna dørene for, og som deretter feigt smelte dørene igjen så blodet fløymde. Alle fundamentalistane utnytta forresten at regjeringa vår hadde ei romsleg haldning, inkludert fundamentalistane i den kristne Herrens Frigjeringshær, ein opprørsstyrke med hovudkvarteret sitt i Khartoum. Slik hemna Omar al-Bashir seg på dei ugandiske styresmaktene som støtta den sørsudanske motstandsrørsla under John Garang. Nokre år seinare gav den same al-Bashir den ugandiske hæren løyve til å jage den kristne Herrens Frigjeringshær heilt inn i sentrum av hovudstaden vår. Dermed overgav han sine tidlegare allierte, slik han forresten overgav "Sjakalen" til Frankrike i 1994, denne terroristen som han hadde halde handa si over.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På den eine sida var det dei verdslege venstrepartia, kommunistane og Baathpartiet som var syrisk-irakisk inspirert. På den andre sida var det islamistane, som heilt tydeleg hadde store økonomiske midlar, og som dreiv vellykka kampanjar for å lokke til seg ungdommen. Med dei løgnaktige slagorda sine fekk dei i alle fall fort eit overtak på venstrepartia. Eg hadde kasta meg over dei islamistiske publikasjonane og sat igjen med ein bitter smak i munnen. Tekstane deira kunne reduserast til to ord: jihad, heilag krig, og lovnaden om paradiset. Kvar var det blitt av rettferda, den juridiske retten og demokratiet? Gløymde dei at politikk er styring av livet til folk her på jorda og ikkje av livet etter døden?
- Slik situasjonen er i Sudan no, er vi dei einaste som kan redde landet. Berre vent til vi kjem til makta, då skal vi endeleg ta oss av det daglege. Ikkje ein einaste sudanar kjem til å gå svolten, og orden vil bli gjenoppretta.
Slik snakka ein av dei ansvarlege i skolelaget til Den islamistiske redningsfronten, partiet som Hassan al-Turabi hadde grunnlagt.
- De har hatt makta i sju år, saman med Det muslimske brorskapet, og støtta Nimeiri. Kva har de utretta? Anna enn å føre oss ut i dette elendet vi er i no? spurde eg.
Eg fekk bare vage svar, lange monologar om dei islamistiske lovnadene for livet etter døden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg meiner at den fremste oppgåva til ei regjering ikkje er å sørge for at alle kjem til paradiset etter døden, men å konsentrere seg om livet til folk her på jorda. Dei kan til dømes få bygd skolar og sjukehus.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det er forbode for kvinner å kjøre bil i Sudan. Kva vil skje dersom hundre sudanske kvinner bryt dette forbodet samtidig? Om dei sette seg bak rattet slik kvinner gjer i London eller Beirut, og samordnar protesten sin mot dette forbodet, kjører i kolonner i gatene i Jeddah eller Riyadh? Ville dei bli fengsla eller piska? Eg trur ikkje det. Det er berre slike sjokkhandlingar som kan føre til endringar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kva for klede er usømmelege? Kvar og ein har sin eigen definisjon. Er det ein hijab som ikkje skjuler halsen? Eit skjørt som ikkje dekker anklane? Kvar byrjar og sluttar ankelen? Kva med bukser? Er det bestemte modellar som er "usømmelege"? Paragraf 152 er formulert slik at det er umogleg å vite kvar det sømmelege sluttar, og kvar det usømmelege byrjar. Paragrafen er formulert slik at ei kvinne ikkje kan gå ut og vere sikker på at ho kjem heim igjen utan å ha vore på "politistasjonen for offentleg orden" og fått rullebladet sitt varig pletta.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi er arresterte for bruk av bukser. I staden for å investere i skoler og sjukehus gir staten heller løyvingar til ordensmakt, politieiningar og rettsinstansar for å overvake påkledninga vår. Det heile er ein stygg komedie.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

TralteKirsten LundLailaBeathe SolbergOleKjell F TislevollVannflaskeLars Johann MiljeGrete AastorpOdd HebækSolveigCamillaVanja SolemdalMartineEvaRufsetufsaKaren RamsvikHilde VrangsagenJohn LarsenBjørg L.Lisbeth Marie UvaagLilleviHeidi LEli HagelundReidun VærnesAnn EkerhovdBente NogvaEivind  VaksvikAvaNina GInger-LiseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnniken RøilJarmo LarsenAkima MontgomeryChristofferReadninggirl30RisRosOgKlagingPilarisKjerstiIngeborg G