Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 18 sitater

Kvar dag
eit nytt blad
på det gamle treet i bakgarden

Sola fell
på nye måtar
kvar dag
så eg kan sjå deg
frå nye vinklar

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dette er det vakraste:
Vi opphevar kvarandre
Dei ukjønna kroppane våre
inni kvarandre sine kjønn

Vi flyt saman
kvinnemann
mannekvinne
fyller ut kvarandre
sine holer
tettar sprekkane
med kyss

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi stikk hovuda inn i kvarandre
trær armane kring oss

Du er min rustning
Eg er din

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Får eg sove i skuggen din
ryggen din mellom meg og verda
vakne i lyset ditt
blenda
endå ein gong

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eit bokmerke av lys
mellom denne dagen
og den neste
for å vete kva for ei side eg skal slå opp på

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg flytter inn i deg
utforskar parkane
stryk murane
for første gong

Lyden av svevnen din
einsame fottrinn
i tomme gater

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hendene dine er groblad
stryk kroppen min heil

Tunga di slikkar meg saman
formar ord som heilar
kløfta mellom tanke og kjøt

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein dag skal eg skrive eit tak
vi kan bu under
vegger mot vindkulene

Du skal få ditt eige rom
så snart eg har formulert
meg sjølv

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I kroppen din
ligg fråværet mitt

ein søledam du går utanom
med finskoa på

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Idet eg fødde deg
vart eg sjølv den ufødde
Din son
Din bror
Di mor

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolTanteMamieHarald KHenrik  Holtvedt AndersenMorten BolstadLisbeth Marie UvaagKirsten LundTine SundalDemeterMargrethe  HaugenEli HagelundGodemineHilde H HelsethMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingVibekeTheaTherese HolmmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenGrete AastorpLinda RastenAnniken RøilritaolineAnne-Stine Ruud HusevågEirin EftevandEgil StangelandTatiana WesserlingTherese LierIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenGro