Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 10 sitater

Malmen som råstoff for denne produksjonen kom hovudsakleg frå den dåverande Gullkysten, det nåværende Ghana i Afrika. Gruvene låg i Nsuta inne i landet, utskipingshamna heitte Takoradi. Frå smelteverket i Sauda på den skandinaviske Regnkysten gjekk ferdigprodukta, som var halvfabrikater til bruk i stålproduksjonen, til metallindustrien i dei engelske Midlands og det tyske Ruhr. Kol og koks, som også blei brukt i smelteprosessen, kom i fredstid vanlegvis frå Cardiff i Wales, Newcastle og andre gruvestrøk rundt Nord-sjøbassenget. Skatteoppgåvene gjekk til Cragmore på Bermuda, overskotet til New York City. Malm frå Gullkysten, svart kol fra Wales, kvite kol frå den norske Regnkysten, overskotet til New York, og skatten til Sjørøverøya. Som dei andre einsidig industristadane var også Sauda integrert del av ein fullt utvikla globalisert økonomi.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den urbane multikulturalismen er kjenneteikne ved å sjå fordomsfritt på at framandkulturelle tenarar lagar mat for og vaskar opp etter urbane herrefolk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Arbeideren er utstøtt frå byen. Arbeidarkulturen utstøtt frå bykulturen. Attende er det urbane. Den urbane byen er byen utan arbeidarklasse. Det urbane er det som ikkje er proletært. Proletariatet er i drabantbyeksil og i tredje verda.
Likevel får ikkje arbeidarkulturen status som framandkulturell.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Medan New York City på 50-talet hadde 2 arbeidarar i produksjonen for kvar som var tilsett i FIRE, er det nå (1993) 1 1/2 tilsett i finans, forsikring, eiendomsmekling for kvar jobb i produksjonen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Robert Fitch forstår «mordet» på New York City som en prosess der finanskapitalen med overlegg driv produksjonen ut av byen for å gi plass til kontorareal - for finans, forsikring, eiendomsmekling, kort sagt finanskapitalen. Avindustrialiseringa av New York -omskapinga til FIRE-næringar og kontorbygg - er altså ikkje ein uavvendeleg, men ein styrt prosess. Fitch forkortar Finance - Insurance - Real Estate til FIRE, og hevdar at FIRE tar livet av New York.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Medan rasediskriminering og kjønnsdiskriminering blir ramma av straffeloven, er klasseforakt meir og meir gangbart.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det blir sett på som svært avansert og urbant å kunne konsumere vin, øl, korn, kaffi, grønnsaker på rette måten, men ytterst tilbakeliggende, bondsk å produsere dei same varene for konsum.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I det rike Vesten har utflyttinga av industrien store følger, ikkje berre direkte i form av strukturell arbeidsløyse, større sosiale skilnader og omforming av bylivet, men også indirekte: for ideologiproduksjonen, lausriven frå annan produksjon.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I tilfelle Kværner får dei nye klasseskilnadene eit ekstremt og absurd uttrykk. Medan konsernsjef Tønseth, som kjørte det heile i grøfta med brask og bram, får ein ufattelig såkalla «fallskjerm» (var den på 17 eller 70 millionar?) med seg i fallet, får dei som har skjøtta arbeidet sitt i Lodalen - sparken, og eit på kvite tennissokkar merket KVÆRNER med på kjøpet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den sosiale omskapinga av Oslo by dei siste tre tiåra av nittenhundretallet er ei følge av globaliseringa av finansverda og avindustrialiseringa av næringslivet i hovudstaden. I denne metamorfosen ligg også eit sosiologisk grunngitt svar på det ofte stilte spørsmålet om kvifor det ikkje finst nokon venstrefløy i Oslo.
Eller rettere sagt på spørsmålet: Kvifor har restane av venstrefløyen i Oslo blitt reføydalisert (dvs. postmodernister) til mediale og/eller halvoffentlige salongar?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Heidi HoltanLailaBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeterTor Arne DahlJulie StensethÅsmund ÅdnøyLinda NyrudTrude JensenTanteMamieDaffy EnglundEllen E. MartolRoger MartinsenTine SundalToveInger-LisePerSpelemann