Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Langt borte er der ei øy. Den er bortanfor alle land og hav. Der vil han busetje seg i all enkelheit, dyrke sin eigen mat, vere utan radio og fjernsyn og all slags støy. Ingen skal få kome dit utan at han vil det. Det skal vere hans fred, hans klatreplanter, hans tuntre og hans frukttre. Og overalt skal der vere urter. Der skal han skrive og lese, og ingen skal forstyrre han. Kan han ikkje få drøyme?