Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Og eg utfordrar deg: Ingen kan gjera alt, alle kan gjera noko. Ver mot dine medmenneske som du vil at dei skal vera mot deg.
Eg tenkjer meg livet som ei fin, fargerik, spennande og utfordrande eng. Enga skiftar med dei fire årstidene, men kvar årstid har sin eigen unike sjarme og verdi. Når livet går på skinner, som ei vennine brukar å sei, så er me på denne enga, og slik skal det vara. Men i denne enga er det ei djup grop med bratte sider.
Korleis kan me få gjort noko med rasismen når me ikke erkjenner at det eksisterer?
Før masa eg om at du måtte dempa musikken din. I dag ville eg ofra alt for å høyra musikken din. Før masa eg om at du måtte reia opp senga di. I dag ville eg ofra alt for å finna senga di brukt. Før masa eg om at du måtte rydda rommet ditt. I dag ville eg ofra alt for å finna rommet ditt rotete. Slik kan eg rekna opp - og spørsmålet er: Kva er viktig i livet vårt? kva bruker me tida til? - korleis prioriterer me samværet?
Ein adopsjon er først og fremst til det beste for barnet - det skal veljast foreldre til barnet, ikkje barn til foreldra, som ein til tider kan få inntrykk av er oppfatningen blant mange.
Uansett kvar våre medmenneske kjem ifrå, om dei har anna tru, ein annan hudfarge eller annan seksuell legning, skal den enkelte leva trygt i sin kvardag. Me har alle har eit ansvar for det.