Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Denne songen som syng seg sjølv og handlar om sollyset som nedteiknar sine hieroglyfer i huda. Om seine, sumeriske netter då vi paraderer tause og einsame i zygotiske draumar. Desse utbrot av oske utan eld, lava utan vulkanar; ei kneisande stille som smyg seg mot oss, lik sjøgas leikande hand, før eit tog bryt stilla, ei sol blandar oss.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

NÅDEN

Nåden er slik, den kjem når ein minst hadde venta den, liksom ein stein kasta inn glaset; det er festa eit samanbretta papir til den, inni er det ein duefot. Du hadde kanskje venta deg noko anna, men så konkret er nåden. Det vil ikkje seie at alt er bra, men at det er innført nye vilkår, som du har vanskeleg for å skjøne. Men jo, alt blir betre etterpå, og nei, det er ikkje tilfeldig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Haustfluga ser på meg

..eg er stungen av det niøygde dødsmerkte haustfluge-blikket, ho kan knapt røre seg nå, sig umerkeleg i sin omvendt-katastrofiske undergang, går under med ein ynk, går heilt ubevegeleg og ubeskriveleg under. Ho ser på meg, ho ser tvers gjennom dei tapte mulegheitene, resten er berre sløve repitisjonar....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundJoakimToveAud Merete RambølRuneHilde H HelsethMarenJane Foss HaugenTom-Erik FallaGeir SundetBeathe SolbergEllen E. MartolAlice NordliCecilie69Kikkan HaugenIrakkBirkaConnieHilde VrangsagenSolveigJarmo LarsenBjørg Marit TinholtKaramasov11Cecilie EllefsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNorahAnniken RøilMonica CarlsengretemorJon Torger Hetland SalteKarin  JensenAnne Berit GrønbechKjell F TislevollTine VictoriaSilje HvalstadGladleserHilde Merete GjessingFredrikTine SundalHanne Kvernmo Rye