Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 19 av 19 sitater

Du prøver heile livet å bli tilfreds, men du kjem aldri dit, for du legg til sides alt det viktige, du legg alle viktige ting til sides mens du ventar på den dagen i livet ditt som aldri kjem.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Eg liker kveldane seint i august når mørket kjem snikande tilbake og månen rullar heilt fremme på fjellkammen. Eg veit ikkje, det er noko gale med dei lyse sommarnettene. Det er som om dei er vaska på feil program.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg hugsar noko Morrissey sa om å vere tilfreds. Han sa at det er umulig for eit menneske å vere tilfreds. Du prøver heile livet å bli tilfreds, men du kjem aldri dit, for du legg til sides alt det viktige, du legg all viktige ting til sides mens du ventar på den dagen i livet ditt som aldri kjem.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Der kjem vepsabolet! Der kjem fittetjuven!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dei hadde hørt litt av kvart om Odda, plassen hadde eit passe ròtent rykte den gongen. Til og med avisene skreiv om Odda som ein syndig pøl. I dei uskuldige etterkrigsåra var Odda rekna som ein gudlaus plass med drikk, hor, slåstkampar, hærverk og småkriminelle. Pluss alkisar som Gerhardsen, Dritings, Martini og Bidronninga. Frelsesarmeen skulle rydde opp, og Olsson var ein av ryddegutane.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det var dei som meinte fyren hadde varmeapparatet mellom beina, og at han ladde det ut mellom kulørte laken der han ingenting hadde å gjøre. Handbremsen på folkevogna var også i ustand, og folk sa at handbremsen til fyren hadde vore i ustand sidan han blei kjønnsmogen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men han må ha trekkspelet med seg. Sjølv om det er ein tone som lek, ein tone som lek som ein sil, lek som svartefaen. Eit astmatisk trekkspel. Han burde kvitte seg med heile spelet. Men det får ikkje. Han har teipa den eine tonen som lek.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg ønsker av heile mitt hjarte at eg var alt det ho vil at eg skal vere. Eg skulle ønske at eg for ein gongs skuld ikkje skuffa henne. Eg kunne ha sagt kva som helst til henne, gjort kva som helst for henne, kva som helst, kva som helst i heile verda, bare ho døde lykkelig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg trur ikkje den nye mannen er brukande

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kristine LouiseBerit B LieOlemgePiippokattaWencheAnne-Stine Ruud HusevågDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageGrete AastorpMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundStig T