Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Fruen frå havet og fruene frå havene, Nora Helmer og Hedda Gabler har alle saman felles stamfar: den vidgjetne fidusfiskaren med snadde og sydvest. Han er også far til sigøynardama med nakne aksler og djup utringing. I tillegg har ho prostitusjonserfaring og rett til overgangsstønad etter tolvte veke. Tåra på kinnet til den vesle fidusguten til fruene og fiskaren frå havet kjem av at han er incestoffer. Og det som avisene kaller litteratur, er stort sett mellomlagskitsch som kappast om å gi den beste skildringa av Lektor i solnedgang.
Tida kravde halvåndelege, halvradikale, halvreligiøse, halvreaksjonære, halvheterofile, halvkritiske åndshøvdingar. Her låg Tjerand Fonn godt an.
Rett som det var dukka Pål Seland opp på teve og predika marknadens velsigningar. Han var profittens profet. I tillegg kasserte han nå inn på profetens profitt.
Snart sat Tjerand Fonn side om side med ei perlerekke av unge damer i alle aldrar, med perlekjede i halsen, silketruser under foldeskjørta, perlerader i munnen når dei smilte, ei stor perle i nål på cardiganblusen og stjerner i augo, medan flittige hender, prydde med perleringar, tok notat og fylte opp førelesningshefta med stenografiske referat frå dosent Harris Stenvigs populære førelesingar og seminar.
Eg skal eta for han far, seier Pål Seland.