Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Stemmer du FrP, er pensjonert og har fortsatt et sterkt hat uten grunnlag mot fargede mennesker?
Dersom ein nordmann gløymer å vaske trappa når det er hans tur, så er det fordi han er distré eller lat. Dersom ein neger gløymer å vaske trappe når det er hans tur, er det fordi han er neger
Det nordmenn lærer å forvente av deg som er framandkulturell er altså at du er snill, blid, høfleg, smålåten, tenestevillig , svært musikalsk, barnsleg, lett å glede, ikkje spesielt språksterk, upåliteleg, naiv, løgnaktig, erotisk tiltrekkande og litt vill.
Lutefisk er ein fisk som har blitt mishandla så lenge og så grundig av kokken at han framleis skjelv når han blir servert.
Konfirmasjon er namnet på ein årleg storstilt innsamlingsaksjon til landets hardt trengande åttandeklassingar. Pengegåvene til konfirmantene er løn for å ha gjennomført konfirmasjonsundervisninga. På sjølve konfirmasjonssøndagen blir konfirmantene avbilda i kvite kjortlar utenfor kyrkja. Når mange av konfirmantane smiler på desse bilda, så er det fordi dei veit at dei denne dagen har vore i kyrkja for siste gong i livet sitt.
På nasjonaldagen demonstrerer nordmenn sitt tolerante og opne sinnelag ved at alle smiler og roper "hurra!" sjølv om det er musikkorps overalt.