Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt.
[Luk 2,51 - eg tok vare på dette sitatet fordi det viser så godt at det å hugse heng saman med å gøyme noko i hjarta; i riktig gamle dagar trudde folk at minnet satt i hjarta, nemleg. Dette ser vi i dag fordi hjarta på latin heiter "cor", og "hugse" heiter i moderne italiensk ricordare, ricaordarsi, i spansk recordarse, acordarse de og i katalansk recordar (i galicisk og portugisisk har utviklinga gått i ei anna retning). Ja, sjølv i nygresk heiter verbet hugse "θυμάμαι" (jf. det greske ordet for "hjarte", "sinn", "hug": θυμός. Interessant!
Menneskelivet er som graset.
Mennesket er som blomen på marka.
Når vinden fer framom, er han borte,
staden han stod på, veit ikkje meir av han.
(Sal 103,15-16)
Det som var, skal alltid vera, og det som hende, skal atter henda. Det finst ingenting nytt under sola. Vert det sagt om eitkvart: 'Sjå, dette er nytt', har det likevel funnest før, alt ifrå eldgamal tid.
(For 1, 9-10)
Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta, og den som sår med rik hand, skal få ein rik haust.
(2 Kor 9,6)