Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 16 av 16 sitater

Liv og landskap

Min ungdoms landskap
var skiftande grått
under uvershimlane
og over djupnene,
men med svale morgonsletter innimellom
der fuglar vart jaga opp
i stigande stripe
og alt gleid unna
over blått vatn
til det stansa
i still endeløyse
og vart borte.

Som vaksen
leitar eg framleis langs strendene
som går i bogar kring verda,
set ryggen mot stormane
og er takksam for livet
og den lange, klåre dag.

Når det ein gong skymest
søker eg fjellet
der skodde driv
og elvar susar.
Grovhogge
skal det løfta sin profil
mot himmelen
og vera min gravstein.
Forvitra,
men veldig
og synleg milevis
over havet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å døy om våren

Det må vera underleg
å døy om våren.
Å trassa alt som spirer
og veks
og verkeleg gå til grunne
i ein fossande motstraum
av liv.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Lærdom

Å elska
er å vera stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg
til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner
kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad
og møtest
sjeldan.

Snakk heller
om å gå til fots
gjennom ti tusen kvardagar
og aldri halda opp
med å vera den rette.

Å elska
er å tenna lys
og tørka tårer,
natt og dag.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Berre du - aldri du

Kvifor
har berre du desse augo
som opnar alt
og tenner lys?

Kvifor
har berre du dette smilet
som smeltar gamal frost
som ingenting?

Kvifor
har berre du denne røysta
som får meg til å sleppe alt
og gå til møtes?

Og kvifor
seier aldri du dei orda
andre kvinner kviskrar
til ein mann som elskar?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mitt unge andlet

Eg leitar
etter eit bortvendt andlet,
sist sett gråtande
ein gong i min ungdom.
Sidan borte.

No har det kome att
og kvitnar stundom fram
for meg
mot ein mørk bakgrunn
av sorg.

-Gråt ikkje meir,
seier eg.
-Eg finn deg snart.

Og eg leitar vidare
på feil stad,
langt frå folk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hildring ved havet

Hud mot hud
i famntak,
puls mot puls...
I dirrande hete
møtest kroppane
og hildrar kvarandre opp
over horisontane
så eit vidunderleg lys
fell på dei,
og alt dei ser
har forgylte konturar
og det fjerne, uoppnåelige,
står tett ved,
stilt,
skjelvande
og vakkert.

Så er det over.
Kroppane
glid dovent på plass
og vert atter til strender
der ingen bur.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikAlice NordliVigdis VoldTralteVannflaskeToveThomas KihlmanDolly DuckKirsten LundWencheRune U. FurbergTonesiljehusmorIreneleserEster STove Obrestad WøienLeseberta_23Heidi BBLabbelineNorahTerje MathisenSynnøve H HoelPirelliTone SundlandTore OlsenLailaBente NogvaJarmo LarsenEmil ChristiansenHilde Merete GjessingEgil KristiansenmarithcPerSpelemannOdd HebækMarianne  SkageKarina HillestadKristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud Husevåg