Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 16 sitater

Eit syn

Gud sto brått
som eit kvitt berg
i fjorden
to tusen år etter,
eit lysande kjempeandlet
gjennom skodda,
bore av ein kropp
vi aldri såg.

Veldige
gjekk blenka
gjennom skylaget
og vi tumla baklengs i båten
med hjernen
fylt av lys.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ettermæle

Du kviler under ein grå stein
mellom mange,
med kross og namn.
Snart er du støv.

Men djupt i minnet
står eit kvitt fjell
og lyser
i strålande einsemd.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Lærdom

Å elska
er å vera stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg
til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner
kjærleiken.
Dei bur på kva sin stad
og møtest
sjeldan.

Snakk heller
om å gå til fots
gjennom ti tusen kvardagar
og aldri halda opp
med å vera den rette.

Å elska
er å tenna lys
og tørka tårer,
natt og dag.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Døden

Eg helsar deg, død,
og gjev deg honnør
for alltid å halda diskré avstand
og snu andletet bort
når nokon ser.

Men eg likar ikkje
den nifse måten du kjæler på
når vi er åleine.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Avvikaren

Ditt liv
er eit plagsamt knirk,
forstår du det?
Du er eit urundt hjul
mellom feilfrie,
sviv som oss,
men lagar uro.

Du er farleg,
forstår du det?
Til ditt eige beste
må du løysast frå akslingen
og støypast om.
Eller kastast.

Seier menneska.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg elskar ein orkidé

Lykkelege mann
med paradishage,
seier folk
når alt står i bløming
hos meg
midtsommars.

Eg teier
fordi eg elskar ein orkidé
som aldri vil slå rot
i mi jord.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ein vanleg dag

Og så tek vi på oss klede
med hender
late av svevn.
Slit i strømper,
trakkar i skor
og ler lydlaust
av eit morgonkyss
som ikkje råkar.
Så til knappane
og glidelåsen,
beltespenna
og skjerfet
og lua
som skal sitja
passe skeivt
på folk som oss.
Aller sist
hektar vi på oss maskene
repeterar
kvardagsreplikkane
og går i gang
med å spela oss sjølve
så godt vi kan.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Tilstand

Dagen
veltar natta til sides
og pumpar jordballongen
stinn av lys,
gong på gong
så sjølv Gud
må smila.
- At du orkar,
seier han,
og geispar.
- Dei har då ikkje
fortent det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er sjalu
på genseren din.
Frys du,
er det han du grip etter.
Først.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Etterpå veit ingen

Draumane,
mine små urolege foster,
brått stig dei fram
og gjer meg redd.
Halvferdige er dei,
men veit alt
om det første og det siste,
om rørsler av hender,
mjukt gripande,
om augo som stig
og søkk,
om hjernar
på hastige reiser
gjennom seg sjølve
mot målet,
mot lyset, det endelege,
eksplosjonen
og eit langsamt fallande
stjernedryss.

Etterpå veit ingen.
Alt er stilt
på botnen av havet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtHarald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetil