Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer med mjølk og honning, [...].
(4 Mos 13,27]
[...], og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.
(Matt 15,14)
Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.
(Matt 14,25)
Sidan sa Herren til Moses: '[...] Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.'
(2 Mos 33, 1-3)
Gjev vi hadde fått døy for Herrens hand i Egypt, då vi sat kring kjøtgrytene og åt oss mette!
(2 Mos 16,2)
Det nyttar ikkje å spenna ut nettet så alle fuglane ser det.
(Ordt 1, 17)
Høyr etter når far din formanar deg, son, og gløym ikkje det som mor di har lært deg!
(Ordt 1, 8)
'Ein mann gjekk ut og skulle så. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, noko tretti foll. Den som har øyro, han høyre!'
(Matt 13, 3b-8)
Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar.
(Matt 10, 16)
Grøda er stor, men onnefolka er få.
(Matt 9,37)