Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.
(Matt 25, 30)
Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner.
(Matt 24, 51)
'Kan det koma noko godt frå Nasaret?' spurde Natanael.
(Joh 1,46)
'Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.'
(Matt 22, 21)
For mange er kalla, men få er utvalde.
(Matt 22,14)
Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i himmelriket.
(Matt 19, 24)
Jesus sa til han: 'Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!'
Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sturen bort, for han var svært rik.
(Matt 19, 21-22)
Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
(Matt 25, 13)
Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eler kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?
(Matt 16, 26)
Han svara: 'Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.' 'Det er sant, Herre,' sa kvinna, 'men hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira.'
(Matt 15,27)