MAI
Vi var på veg heim
ein dag som skifta mellom sol og torevêr.
No og då skein vegen opp og glinsa,
svarttrostsong i det opne vindauget
lik våte plask, varme og mjuke.
Og mens vi køyrde over dei siste åsane
brast noko i mor mi,
opna seg som eit sår.
Ho stoppa bilen, andletet hennar glasaktig,
i vindens kraftige kast.
Mot heile maihimmelen gret ho
så lita mot åsane;
fordi far min ikkje var der,
fordi dei ikkje kunne sjå, saman,
staden der dei såg svartstrupane,
heile året grønast til sommar -
lerker, bjørker og lam med raklehalar.
Eg sat ihopkrøkt i bilen, høyrde bårer
bryte i henne, for alle år med kjærleik,
og undrast -
blir vi vise i sorg,
og kvar hen strøymer alle tårer?