Safirblå isfuglfryd

dikt i utval

av (forfatter) og Mathias Hoem (oversetter).

Samlaget 2009 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (2 terningkast.)

7 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Dikta speglar årstidenes skiftingar, landskap og einskildmenneske kvarandre. Ofte speler det religiøse ei rolle, men det er det daglegdagse som er utgangspunktet for poetens avsløring av det spesielle.

Omtale fra forlaget

Ein av Skottlands største samtidslyrikarar for første gong på norsk. Det er landskapet og menneska i det nordre Skottland som er inspirasjonen for store delar av Kenneth Stevens forfattarskap, og i dikta speglar skiftande årstider, landskap og einskildmenneske kvarandre. Ofte speler det religiøse ei rolle, men det er det daglegdagse som er utgangspunktet for poetens avsløring av det spesielle. For første gong blir Kenneth Steven (f. 1968) utgjeven på norsk. I dette utvalet er det dikt frå dei fire samlingane Iona, Wild Horses, Columba og Salt and Light. Steven er frå Dunkeld i Perthshire i Skottland, og kjend som ein av Skottlands største lyrikarar.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2009

Format Innbundet

ISBN13 9788252173802

EAN 9788252173802

Serier Samlaget poesi Samlagets gjendiktingar

Språk Nynorsk

Sider 87

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 2 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

REISANDE

Når kvinnene kom på døra
kunne du alltid sjå kven dei var.
Noko i håret, auga,
som ikkje hadde falle til ro, som ikkje var pantsett
i ein by. Dei selde korger,
klede, leiker - fattigslege ting for nokre få pence.

Mor mi bad dei inn,
gav dei kjøtsuppe, på novemberdagar
som buldra av vind og regn kring huset.
Ho sende dei aldri ut att utan ei eller anna gåve;
dei takka henne med røykrøystene sine, røffe,
og når eg såg på dei tykte eg dei likna hestar,
utemte hestar som ikkje frykta markene,
som kunne sove lett i le av åsane,
tråve frå stall til stall,
grovskodd.

Mennene deira møtte dei ved novene,
raude av drikk. Dei kvarv, alle i hop,
som lauv om hausten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

STJERNENE

Frå eg var fem år var synet mitt uklårt som på ein moldvarp;
eg hadde briller med skjelpaddeinnfatning som aldri var heilt reine
og stjernene såg kvite og disige ut,
uklåre perler på ein fjern himmel.
På femtenårsdagen fekk eg linser av foreldra mine -
små skålforma ting som dreiv inn i synsfeltet over irisane.
På veg heim med dei den kvelden fekk eg brått auge på noko,
kom meg ut til kanten av enga og såg,
forundra og vantru som om Kristus sjølv hadde lækt auga mine,
for stjernene knitra og gneistra
som nyslipte diamantar på fløyelen i gullsmedvindauget, så nært og klårt at eg kunne strekt meg og halde dei,
bore dei heim i mi eiga lomme.
Det var gåva foreldra mine gav meg på fødselsdagen -
stjernene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

MAI

Vi var på veg heim
ein dag som skifta mellom sol og torevêr. No og då skein vegen opp og glinsa,
svarttrostsong i det opne vindauget
lik våte plask, varme og mjuke.
Og mens vi køyrde over dei siste åsane
brast noko i mor mi,
opna seg som eit sår.
Ho stoppa bilen, andletet hennar glasaktig,
i vindens kraftige kast.

Mot heile maihimmelen gret ho
så lita mot åsane;
fordi far min ikkje var der,
fordi dei ikkje kunne sjå, saman,
staden der dei såg svartstrupane,
heile året grønast til sommar -
lerker, bjørker og lam med raklehalar.
Eg sat ihopkrøkt i bilen, høyrde bårer
bryte i henne, for alle år med kjærleik,
og undrast -
blir vi vise i sorg,
og kvar hen strøymer alle tårer?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

SJÅ

Første gongen eg såg dei var eg berre tre.
Far min løfta meg ut av senga,
bar meg på kraftige skuldrer
opp til sølvmørkret på loftet.
Eg var enno ni tidelar sovande, i noko fjernt
som gjorde orda og tankane mine lodne.

Blant støvete skuggar av esker og teppe og tog,
høyrde eg huset klukke og visle;
kjende lukta av eple, saftige og mjuke i den sveipte stilla.

Han heldt meg høgt opp mot takvindauga,
opp mellom sperrene.
Eg såg, leita,
etter det han måtte ønskje eg skulle få auge på.

Berre stjernene spraka og gneista
over dei grå formene i hagen.
Vinden røyvde seg uroleg i trea.

Då kom eitkvart anna, noko som
svømte, pressa seg fram frå nord,
undersida av vengene lyste i måneskinet,
brøytte bølgjer midt i natta - femti, hundre, meir -
djupt gjennom himmelvatnet vårt, fór til slutt forbi
inn i nokon andre si natt.

Eg følgde dei med fingeren min,
visste då kvifor eg var der;
far min der nede, sa med bedande røyst -
Såg du dei? Såg du gjæsene?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

7 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Du vil kanskje også like

  • "Dikt i samling" av Olav H. Hauge
  • "Ut og stjæle hester - roman" av Per Petterson
Alle bokanbefalinger for dette verket