Han står der saman med dama og lest som han ikkje ser meg. Han står der og lest som ingenting. Han får ikkje auge på meg, og det er umogeleg. I alle fall seier mor mi at det er umogeleg å unngå å legga merke til meg, slik som eg kler meg. Madonna får ta mykje av skulda. Du må læra deg å ta eit hint, seier venninnene mine og ser skeptiske på genseren min. Det står BOY TOY over heile brystet.