T. spør kva ein basilisk er, og eg auser av mine zoologiske kunnskapar. Ho vil ikkje tru at den kan springe på vatnet. "Kvifor er det ikkje då fleire program om den på tv?" Eg svarar at det kan ha vore fleire program om basilisken mens vi har vore ute og reist.