Eg gjekk rett ut i høljregnet. Det gjorde ingenting. Eg liker å bli søkkblaut, tenkte eg og såg mot havet og tenkte på mor, og far, og mor og far igjen, mor og far, og mor og far igjen, men tankane stoppa opp, det blei berre med det, mor og far, att og fram, mor, faen, far, helvete, tullingar, begge to, og eg såg mot havet igjen og bølgjene som stod kvite over holmane. Det er i havet sorga finst, tenkte eg, i bølgjene, i lyden frå saltvatn som slår mot steinane, og mot berget, og i tangen ein hjelpelaus og halvdød fisk som geispar etter liv. Det er her sorga finst, tenkte eg og sleppte ut tårane som presste på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

St. YngheadAnn ChristinKirsten LundPiippokattaTherese HolmBjørg Marit TinholtSolNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild STorill RevheimRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandMarenmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda Rasten