Det er ein vanleg observasjon at gjennombrotet for dei første moderne dyreparkane fall saman med den industrielle revolusjonen og moderne urbaniseringa, altså at behovet og interessa for å sjå dyr oppstod parallelt med at stadig færre omgav seg med dyr til dagleg. Derfor fekk Noreg, som var seint industrialisert og framleis eit jordbrukssamfunn gjennom heile 1800-talet, aldri ein slik borgarleg storby-zoo.