Då Goodall første gongen observerte og skildra korleis sjimpansane valde seg ut kvistar, modifiserte dei ved å knekke av blad og sidegreiner og deretter brukte dei til å fiske opp termittar frå hole trestammar - altså at sjimpansane laga og brukte reiskapar - fekk det omfattande konsekvensar. Ikkje berre for synet på sjimpansar, men óg for definisjonen av mennesket. "No må vi anten redefinere mennesket, redefinere reiskap eller akseptere at sjimpansar er menneske,"