DET SKRIV SEG I SANDEN
Det skriv seg i sanden
vind piskar det
regn javnar det ut
det kjem att og att
og vil tydast.
Ord sto der
eg stryk dei ord
fyrst eg ser dei.
Let vind piske dei,
let regn javne dei
dei kjem att og att
frå der dei er gøymde.
Blåklokka burti graset
vil bøygje seg mot sanden
skyggje dei flyktige teikn
anda dei inn -
gøyme dei,
ho læser dei inn i kalken
når kronbladi follar seg mot notti.