Nykelen
Dynni sto læst til stogo di
og skoddune dei var att,
men enno rauk det fra åren,
og ned i graset kring hella di
foten din nyss hadde trødd,
og ausa stod vassfylld ved kjelda;
utanfor stogo, i hagen din
skein det frå mange små ljos,
- dei hadde hondi de verna.
Der såg eg teikn ifra hondi di
- tindrande marinyklar,
duld under grønsvale blekkje.
Og blekkji var svale som hudi di
og blomen, mjuk som din smil,
lutte seg mot mine hendar.
Ja, dynni stod læst til stogo di
men eg tok ein marinykel
og læste upp stengde dynnar -
Og denne nykelen opna meg rom
dit føtane ikkje fekk trø
- burtanfor stader og stengsel;
då var eg innanfor veggane dei
som ikkje var timra av tre
men telgde av tid og timar;
der fekk eg kvile ved åren den
som ikkje var mura av stein,
men lødd opp av minne og lengsel -
Der baud du meg inn att i stogo di
og alle dei marinyklan
dei la du i hendane mine -