Jentebarnet i magen har utvikla alle eggceller, som blir til barna hennar ein gong. Der inne er barnebarna mine, slik eg også var ei celle i magen til mormor. Har aldri tenkt på dette som ein del av den fullkomne kroppen. At mitt celleliv starta i fosterlivet til mor mi. Ingen har fortalt meg om denne gjenklangen av kvinnekroppar i kvarandre. Har oftare blitt fortalt om kroppar som kan endrast og strammast. Kva som er mer feil enn riktig.