Finn skaut, og pila råka midt på bogen til Einar, nett som han spente bogen sin tredje gongen, og bogen gjekk i to stykke. Da sa kong Olav: 'Kva brast så høgt der?' Einar svara: 'Noreg or handa di, konge.' 'Så stor brest var det da vel ikkje,' sa kongen, 'ta min boge og skyt med,' og kasta bogen til han. Einar tok bogen og drog han straks fram over odden på pila og sa: 'For veik, for veik er kongens boge!'