Noregs kongesoger

Snorre Sturluson. Kongesoger. Første delen

av (redaktør) og Hallvard Magerøy (redaktør).

Samlaget 1979 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp bøker hos haugenbok.no Kjøp boka hos Bookis!

Selg boken hos

Selg boka hos Bookis!

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 1979

Format Innbundet

ISBN13 9788252108880

EAN 9788252108880

Serie Noregs Kongesoger 1-4 (1)

Språk Nynorsk

Sider 343

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Dronning Ragnhild drøymde store draumar; ho var ei klok kvinne. Ein gong drøymde ho at ho stod i hagen sin og tok ein torn or serken; og medan ho heldt i tornen, voks han til ein stor tein, så den eine enden nådde ned i bakken og røtte seg med det same, og den andre enden av treet nådde høgt opp i lufta. Deretter syntest ho treet var så stort at ho snautt kunne sjå til topps på det, og det var overlagt tjukt. Nedste luten av treet var raud som blod, og leggen oppetter var fager og grøn; men greinene var snøkvite. Det var mange store kvister på treet, somme langt oppe, somme lenger nede. Greinene på treet var så store at ho syntest dei breidde seg ut over heile Noreg og enda lenger.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tidleg om våren for kong Olav aust til Konghelle til stemning med dronning Sigrid. Da dei møttest, tala dei om den saka som dei om vinteren hadde tala frampå om, at dei skulle gifte seg med kvarandre, og det såg ut som det skulle lage seg. Da sa kong Olav at Sigrid skulle la seg døype og ta den rette trua.

Ho svara: ‘Eg vil ikkje gå frå den trua eg hadde hatt før og frendane mine føre meg; men eg vil ikkje seie noko om det heller, at du trur på den gud du liker.’ Da vart kong Olav sint og sette brått i: ‘Kva skulle eg med deg, din ramme heidning!’ Og han slo henne i andletet med hansken sin, som han hadde i handa. I det same stod han opp, og så gjorde ho med. Da sa Sigrid: ‘Det kunne vel hende at dette vart banen din!’ Så skildest dei; kongen for nord til Vika, men dronninga aust til Sveavelde.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"[...], aldri skal eg skjere eller kjemme håret mitt før eg har eigna til meg heile Noreg med skattar og skylder og fullt rådvelde, eller så vil eg døy."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Far min tykte at det var betre å falle i slaget som konge, enn å bli undermannen til kong Harald."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det sat ein ven mann der med fagert hår, som han sveipte fram over hovudet sitt, og han rette fram halsen og sa: 'Blod ikkje ut håret!' Ein mann tok håret i handa og heldt fast. Torkjell svinga øksa, men vikingen rykte hovudet så hardt til seg at han som heldt håret, gav etter; øksa for ned på begge hendene hans og hogg dei av, og øksa vart ståande i jorda. Da kom Eirik jarl til og spurde: 'Kven er denne vene mannen?' 'Dei kallar meg Sigurd,' sa han, 'og dei seier at Bue er far min; enno er ikkje alle jomsvikingar døde.' Eirik seier: 'Du er visst og sant son til Bue. Vil du ha grid?' seier han. 'Det spørst kven som byd,' seier Sigurd. 'Han byd,' seier jarlen, som har makt til det, Eirik jarl.' Da vil eg,' seier han. Han vart så løyst frå reipet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Lister som inneholder dette verket