Tidleg om våren for kong Olav aust til Konghelle til stemning med dronning Sigrid. Da dei møttest, tala dei om den saka som dei om vinteren hadde tala frampå om, at dei skulle gifte seg med kvarandre, og det såg ut som det skulle lage seg. Da sa kong Olav at Sigrid skulle la seg døype og ta den rette trua.

Ho svara: ‘Eg vil ikkje gå frå den trua eg hadde hatt før og frendane mine føre meg; men eg vil ikkje seie noko om det heller, at du trur på den gud du liker.’ Da vart kong Olav sint og sette brått i: ‘Kva skulle eg med deg, din ramme heidning!’ Og han slo henne i andletet med hansken sin, som han hadde i handa. I det same stod han opp, og så gjorde ho med. Da sa Sigrid: ‘Det kunne vel hende at dette vart banen din!’ Så skildest dei; kongen for nord til Vika, men dronninga aust til Sveavelde.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHarald KRune U. FurbergPrunellaToveGodemineG LTone Maria JonassenAvaVibekeKirsten LundMorten MüllerPer LundBookiacSynnøve H HoelSolDolly DuckPiippokattaAkima MontgomeryMonica CarlsenLilleviHarald AndersenCecilie69Sigrid NygaardRonnySigmundJoannLinnMonica  SkybakmoenMorten JensenEivind  VaksvikLailaHelen SkogTrude JensenSolveigReidun SvensliIngunn SReadninggirl30