Bøndene tok han til konge over seg, og alle vart samde om at dei skulle leite etter Håkon jarl og fare opp i Gauldalen; dei tykte det var rimelegast at om jarlen var på nokon av gardane, måtte det vere på Romol, fot Tora var beste venen hans der i dalen. Dei for dit og leita etter jarlen både ute og inne, men fann han ikkje.

Da heldt Olav husting ute i garden; han steig opp på den store steinen like ved grisebingen. Da tala Olav til folket, og i talen sa han at han ville gje den mann både gods og ære, som gjorde Håkon jarl mein.

Denne talen høyrde jarlen og Kark. Dei hadde lys med seg. Jarlen sa: «Kvifor er du så bleik, men stundom svart som jord ? Det er vel ikke slik at du vil svike meg?» «Nei,» sa Kark. «Vi vart fødde same natta,» sa jarlen, «det blir visst ikkje lenge mellom døden vår heller.»

Da det kvelda, for kong Olav bort. Og da natta kom, heldt jarlen seg vaken; men Kark sovna og bar seg ille. Jarlen vekte han og spurde kva han drøymde. Han sa: «No var eg på Lade, og Olav Tryggvason la ein gullring om halsen på meg.» Jarlen svara: «Da vil Olav leggje ein blodraud ring om halsen på deg om du råkar på han. Ta deg i vare for det. Men av meg skal du nyte godt som før; svik meg ikkje.» Sidan vakte dei begge to, nett som den eine vakte over den andre.

Men mot dagen sovna jarlen, og brått bar han seg ille, og det så hardt at han skaut hælane og nakken under seg, liksom om han ville rise opp, og skreik høgt og fælsleg. Kark vart redd og fælen og tok ein stor kniv opp av beltet sitt og køyrde han igjennom strupen på jarlen og skar han ut. Dette vart Håkon jarls bane. Etterpå skar Kark hovudet av jarlen og sprang bort med det. Dagen etter kom han inn til Lade og hadde hovudet til jarlen med til kong Olav. Han fortalte da det som hadde hendt mellom han og Håkon jarl, og som her er skrive. Sidan let kong Olav leie han bort og hogge hovudet av han.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tove Obrestad WøienVigdis VoldRandiASissel ElisabethCaroline Ekornes JohannessenDemeterRonnyInger-LiseFrode TangenAnneWangHeidi LTone Maria JonassensvarteperAnneLars MæhlumHilde H HelsethGrete AmundsenHarald AndersenEllen E. MartolPiippokattaHanne MidtsundAnne-Stine Ruud HusevågTonesen81Kirsten LundHeidi HoltanAnn ChristinTralteBjørn SturødReadninggirl30Anniken RøilbeaverkriekVannflaskeNeraPer Åge SerigstadLinnIngeborg GKjerstiKjersti SIngvild SKarin Berg