Det sat ein ven mann der med fagert hår, som han sveipte fram over hovudet sitt, og han rette fram halsen og sa: 'Blod ikkje ut håret!' Ein mann tok håret i handa og heldt fast. Torkjell svinga øksa, men vikingen rykte hovudet så hardt til seg at han som heldt håret, gav etter; øksa for ned på begge hendene hans og hogg dei av, og øksa vart ståande i jorda. Da kom Eirik jarl til og spurde: 'Kven er denne vene mannen?' 'Dei kallar meg Sigurd,' sa han, 'og dei seier at Bue er far min; enno er ikkje alle jomsvikingar døde.' Eirik seier: 'Du er visst og sant son til Bue. Vil du ha grid?' seier han. 'Det spørst kven som byd,' seier Sigurd. 'Han byd,' seier jarlen, som har makt til det, Eirik jarl.' Da vil eg,' seier han. Han vart så løyst frå reipet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Akima MontgomeryKirsten LundHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig T