Lute seg utover og kjenne seg vera ferdig til å glide. Tanken om å glide blir sterkare til lenger ein ser i vatnet. Biletet der nedi er tydeleg, ein kan lesa i det som i ein bok. Det er ingen straum som dreg minene skakke, spegelen vanskaper igen ting. Det er ein straum lenger nedi. Den tenker ein på.
Likevel er andletet vanskapt no. Forvridi og ulikt seg. Etter ulykker som har komi som skred - der bakanfor, der han har sitt halvfarne liv. Kva har i grunnen skjedd ? Han møter sine eigne støkte auge der nedi.
Lute seg endå litt meir.
Møte eit aue som seier: "Kom" !

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolKirsten LundHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn Christinbandini