Fritjof ser Karl inn i auga, og Karl veit ikkje heilt om han tør vera venn med han, det er noko rått og hardt over Fritjof; her er det eg som bestemmer seier han liksom med heile kroppen. Slik Haftor var før han vart religiøs. Men han kan ikkje tru styggale om folk heller, Fritjof er sikkert ein grei kar. Folk i byen er jo litt annleis, litt hardare, liksom, sånn på overflata.