Alawittene var ein undertrykt minoritet, og difor isolerte dei seg. Dei løynde seg i fleire hundre år i ei fjellkjede i Syria. Dei frykta muslimane, og muslimane såg på dei som vantru fordi alawittene dyrka imamen Ali og såg på han som guddommeleg.
Ein av dei små landsbyane som kviler på eit av fjella, heiter Al-Qardaha. Der budde ein fattig mann som heitte Sulaiman. Han var bonde. Ingen kjende han. Men ein dag dukka ein tyrkisk brytar opp og vann over alle modige og sterke menn rundt i området. Tyrkaren utfordra alle arabiske menn. Ingen torde å kjempa mot brytaren. Sulaiman var den einaste: Han greidde å sigra over tyrkaren. Landsbyen vart stolt av han og kalla han for Sulaiman al-Wahsh, som tyder Monstret.
Sulaiman hadde ein son, Ali, som voks opp og hadde eigenskapane til faren: djervskap, frimod og styrke. Folka i byen kalla han for Ali al-Assad, og ordet assad tyder 'løve' på arabisk. Han vart sedd på som ein av dei viktigaste personlegdomane i byen. Ali var fattig bonde, men likevel respektert. Son hans heitte Hafez. Då den franske kolonimakta etablerte skular i Syria, var Hafez den fyrste i familien som fullførde studia sine. Han synte interesse for politikk og melde seg inn i Baath-partiet. Han var leiar for studentorganisasjonar av Baath-partiet i Latakia.
Han hadde ambisjonar om å verta lækjar, men dei fattige vilkåra som familien levde under, hindra han i å realisera draumen. På denne tida og særleg etter at dei franske kolonistane drog seg ut av Syria, fekk alawittene høve til å arbeida i den nyfødde sjølvstendige staten. Hafez verva seg til militæret og vart flygar. Han synte leiareigenskapar, fekk dei beste karakterane og vann alle konkurransar.
I 1970 tok han makta ved eit militærkupp. Han greidde å skapa eit relativt sekulært samfunn i Syria med kvinnerettar. Muslimbrørne, som var støtta av Saddam Hussein med våpen og pengar, gjorde opprør i Aleppo og Hama. Han knuste dei med brutal makt. Kven var verst? Muslimbrørne eller Hafez al-Assad? Begge nytta vald og snikmord, og begge kjempa kvarandre ned med rykte og propaganda. Midtausten er fødd av valdens livmor. Denne kulturen fortærer framtida deira.
Hafez greidde å få staten Syria til å overleva i balanse med andre land i Midtausten. Han var ikke sekterisk motivert i politikken sin. Han var nasjonalist som Saddam og Nasser. Og i staden for å byggja eit demokrati overleverte han makta til son sin.
Etter han gjekk bort, vart sonen Bashar president. Alle hadde von om at lækjaren Bashar som studerte i England og var gift med ei sunnimuslimsk kvinne, ville reformera makta i Syria. Men av manglande røynsle overlèt han landet til korrupsjon og styrde med etterretning og frykt. Alawittane, særleg den nære familien hans, sat i alle maktposisjonar. Tilhøvet hans til Iran fekk hans eige folk til å reagera. Iran har forkynningssenter i alle byar i Syria, både mellom alawitter og sunnimuslimar. Og no med den religiøse vinden som susar i Midtausten, vart Bashar sedd på som ein framandlekam i eige land. Reforma han tala om, greidde han ikkje å gjennomføra. Store ord utan handling.