Syster mi og dei fem borna hennar flytte til Brasil i 2006. Mannen hennar hadde alt flykta i 2004 etter å ha fått melding om at han kom til å verta drepen av pro-iranske militsar som no var ein del av makta i det nye Irak etter USA-invasjonen. Alle som hadde vore offiserar under krigen mot Iran, var i livsfare.
Men kvifor til Brasil? Av di bror hans budde i Brasil. Han hadde gift seg med ei brasiliansk dame som arbeidde på ambassaden i Bagdad. Så gjennom broren kunne han få invitasjon til Brasil. Då han kom dit, søkte han og fekk asyl. Det er ikkje mange irakarar i Brasil, men mange frå Libanon.
Dei greier seg i Brasil. Dei lever på oppsparde pengar og inntektene frå dei tre sønene. I Brasil må du kunne greia deg sjølv. Og livet er hardt.
Men eg merkar at brasilianarane er positive. Svogeren min likar dei brasilianske menneska betre enn dei irakiske. Han merkar korleis brasilianarane er mykje meir opne enn irakarar og folk i Midtausten. Dei ser ikkje alltid etter vikarierande motiv, og sanninga er ikkje alltid ei anna enn det som vert sagt. Dette er eit stort problem for mitt irakiske folk. Måtte folket mitt verta moderne og opplyst!