Flagget, det irakiske flagget! svara eg og peika på det, medan eg kjende det som at eg førde meg sjølv til avrettingsstaden. Irakarane som flykta frå Irak eller deserterte, vart dømde til døden etter irakisk lov. Frykt for regimet får meg til å gløyma at eg er norsk statsborgar no, og ikkje irakisk lenger. I den augneblinken angrar eg at eg tok oppdraget frå Dag og Tid med å reisa tilbake til Irak og skrive om situasjonen der.