Sommarmorgon på Jæren

Då eg var ein kvithærd gut i den høge morgon
stod eg i lys og stiging frå fjella i aust
barføtt i regnvaska grus, raudblåst av svevn
og vokstergrønske frå ei lang sval natt.
Eg vart boren av dagen til portane sola
og vinden langs åsar, marker, myrar og vatn
I ryggen mot vest låg det blanke havet og klukka
Mot panna i aust låg Synesvarden, ei opplyst hei
liksom av gullstøv og skimmer og fjellblåe render
med gule bakkar i røyk og raudnande lyng
myrar i kvitaste myrullkåpe, og jonsokblomar
på vollen. Vegen. Steingardens varme pust mot kinnet
blåklokker, balderblom, kvitkløver, raudkløver
graset i grøfta, hundekjeks, tiriltunge; å bevande hjarter -
Det voks og dirra i sommarens frodige safter
som steig frå jorda sin brunn og brann i meg

Då eg var ein kvithærd gut i den kvitnande dag
med vidåpen himmel og vaknande lydar frå Nærland og Hå
hang det virkande Jæren utbreidd på jorda
med kvite gardar og raude uthus, med tårn og spir
lundar og vegar, og fjerne brøl frå sterke maskinar
Hanane gol. Lerkene song over Elisberget, blankt
utan byrjing og ende, blankt dryss av lerketrill
under kvelven. Mjølkebilgiring frå Reime, slamring
med mjølkespann, luntande steg frå nymjølka kyr
blakke tråvande hestar i søre hagen hos Jomar
og skjellande hundar i Varhaug-sokna. Alt rørte seg
Katten smaug flat under piggtrådgjerdet og bort
i ein grønnskjær åker med ei hinne av fløyel og sølv
Nyklekte vipekyllingar, åkerrikser og ei klo av død
Ange av solsvidd høy mot stein, og mognande timotei
Ange av gjæring, råtnande gjødsel og salttørka sei

Då eg var ein kvithærd gut kunne tida stå still
Havet låg blått og svalt som mi nattkjølde sjel
Ei sommarmorgonflate ved kysten. Atlanterhavsdønningar
Tjelden ropar i høgder og djupner vektlaust i himmelen
Ein einsam robåt vaker i vika med Tønnes, fiskaren
Fjøresteinar i sanden med teiner utlagt til tørk
Høyet er takande, garden blir andpusten
Dei solraude purkene gryntar med trynet i boset
Far har fått travle høysåtesteg, denne sommarmolda si jordtyngd
Dei slåss for sitt liv mot den blinde makt. Eg steig blind
Steig i eit rom utan grenser, eit rom med stigande song
Eg såg alt dette ein gong. Alt dette er mitt
Nå gror mine røtter i bakken, eg kan fly likevel
I min sommarmorgon, som i barndommens høge dag
Den har ikkje kvorve. Den står ennå ved lag

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundHilde VrangsagenSolveigJarmo LarsenBjørg Marit TinholtKaramasov11Cecilie EllefsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNorahAnniken RøilMonica CarlsengretemorJon Torger Hetland SalteKarin  JensenAnne Berit GrønbechAlice NordliKjell F TislevollTine VictoriaSilje HvalstadJane Foss HaugenGladleserHilde Merete GjessingFredrikTine SundalHanne Kvernmo RyeHanne MidtsundHeidi HoltanHarald KRuneVannflaskeLiljaHeidi BBDolly DuckHegeElin Katrine NilssenVibekeGodemineAgathe MolvikVegardRufsetufsa