Døden var ikkje vakker. Han var ikkje starten på noko nytt. Han opna ingen portalar, slusa ikkje ånda vidare, sette ikkje sjela fri. Døden var grim. Blind for venleiken han viska ut, la han universet i øyde, bit for bit gjorde han tilværet meir einsamt og uuthaldeleg.