"Andletet hans var så nære at eg bare så augo hans, augevippene, pupillane, det lukta røyk og øl. Eg skalv over heile kroppen, det var så vondt at eg nesten ikkje fikk puste. Så kom han heilt nær, kyssa meg og eg fikk puste igjen. Mjukt. Hardt. Vondt. Godt. Varmt. Kaldt. Og eg tenkte at tek du på meg nå, så dør eg."