Sannferdig soge

Til skogs aleine etter molte.
Berre så vidt eg fekk lov.
Men her var eg no da, og jammen
gjekk eg rett på ei stor myr,
gyllen av moden molte.

Sette ned seksliterspannet til å tømme i
og gav meg til å plukke i literspannet.
Dette gjekk sanneleg bra.
Det er moro å vere aleine i skogen
og moro å plukke slike fine bær
når det er så nok av dei som her.

Vart nok litt lei av det etter kvart,
men dreiv på til seksliterspannet var fullt
og tok enda ein runde med literspannet.
Sola var i ferd med å gla.
Tenk å komme heim med sju liter molte!
Kva kom dei til å seie da?

Men var var seksliterspannet?
Søkk borte. Eg leitte og leitte.
Grein litt, men kva hjelpte det.
Måtte berre tusle meg heim.
Dei tok vel til å bli redde for meg no,
og skogen blir så annleis når sola går ned.

Kom heim med ein liter molte.
Fortalde om det store spannet,
såg at soga ikkje heilt vart trudd.
Men den store hjelparen i all slags nød,
han goffa, var på pletten. Han sa:
"I morgon tidleg går du og eg til skogs
og ser etter spannet.
Vi finn det sikkert når vi er to.
Få deg litt at og gå og legg deg no."

Neste morgon labba vi til skogs.
Og trur du ikkje at vi fann spannet.
Rettnok berre godt og vel halvfullt no,
men alle veit da korleis moden olte
sig saman i eit spann.
Det var berre skryt å få
da eg sette spannet på benken heime
og ropte i triumf: "Sjå!"

Og smilen hans goffa var så blank,
og eg såg
at stod å triumferte så smått, han òg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Lars MæhlumAmanda AMonaBLKaren PatriciaVannflaskeConnieFredrikMathildeBjørg L.Reidun SvensliPirelliG LLene AndresenKirsten LundSverreBerit RBeate KristinTove Obrestad WøienBeathe SolbergHanne Kvernmo RyeTrude JensenKristineJulie StensethAnniken RøilMargrethe  HaugenHilde H HelsethHarald KLaila StenbrendenSol SkipnesAkima MontgomeryVidar KruminsLilleviPiippokattaINA TORNESsveinAvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeIreneleser