Eg var redd. Ikkje fordi det mørkna raskt og eg stod aleine, ikkje fordi det rasla bak platene, men fordi eg var stengd ute frå alt rundt meg, spent fast i denne gnissande kroppen eg ikkje kunne fri meg frå. Det einaste eg kunne, var å bruke han den tida han fungerte, før han skrukka inn og seig saman, kroka seg og til slutt fall ned i sanden og vart gløymt, for akkurat som ord gjekk inn i nye ord, gjekk hender inn i nye hender, og meir og meir av meg ville gå over i gløymsle. Ingen vil hugse deg slik du var, hadde eg tenkt, men ikkje sagt til nokon.