alt eg skal skrive ned som eg aldri lærte. bestemor kjemmer ut ein floke i håret mitt. kler meg i sommarkjole. no må du gå, seier ho, du er ikkje ei plante. planter som toler skugge har sjeldan vakre blomar. eg kvesser eit kronblad. skogstjerna kjem frå fredlausfamilien