bladrik grein

Eit nytt hjarte - er det så rart?
Det får vi da rett som det er!
Det får vi kvar gang vi møter
ein som vi rett får kjær.
Da brest det fram i vår bringe
under hans varme ord
eit hjarte til, som er berre for han,
eg vil han alt godt på jord.

Slik veks vi med hjarte ved hjarte
som greina med blad kvar vår,
meir inderleg fast til livsens tre
for kvart eitt nytt som vi får.
Det svid til mergen når eitt av dei blir
i utide rykt frå sin kvist.
Eg veit ikkje kva for eitt av mine
eg nødigst ville ha mist, -

å jo, dette leande, store som gløder
for deg, venn, må losne sist!

~ Halldis Moren Vesaas

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Henrik  Holtvedt AndersenMorten BolstadLisbeth Marie UvaagKirsten LundTine SundalDemeterMargrethe  HaugenEli HagelundGodemineHilde H HelsethMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingVibekeTheaTherese HolmHarald KmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenGrete AastorpLinda RastenAnniken RøilritaolineAnne-Stine Ruud HusevågEirin EftevandEgil StangelandTatiana WesserlingTherese LierIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenGroCathrine PedersenBenedikte