Men nå har me begynt med folkedans, og eg må seie at ting går mykje betre mellom oss. For eg toler ikkje å snurre rundt. Har aldri gjort det. Karusellar gjer meg svimmel i dagevis. Og det er tydelegvis snurring det dreier seg om i folkedansen. Særleg heftig går det for seg i polsdansen, som eg og kona mi har lagt vår elsk på. Folk trur det er hallingkastet eller sparket som er det viktigaste i folkedans, men det er berre tull. Det er vanvittig kvalmande snurring, rundt og rundt, som er greia. Kona mi elskar sjølvsagt å svinge seg rundt, som kvinnfolk flest, og medan ho smiler, så brekker eg meg og smågulpar, og me blir begge to så herleg utslitne av påkjenninga at me kan unne oss både det eine og det andre etterpå.