«Ja, kem som e herre og ikkj – ein får bruk vette som hi det, og makta med!» Ho ropa det i mot han, og no saud det over for henne, gråten flødde gjennom henne, men det var det ho minst ville, og dertil såg ho Anders utom vindauga, han hadde stått og sett inn.
«Fysj skamme dæg Per!» hiksta ho. Da hogg han i henne og kjørte henne til veggs så det sokk i stua og gav seg til å banke henne. Han visste godt kva han gjorde; det murra kaldt gjennom all hans kropp. «Det må te. Det må te!»
(…)
«Fysj skamme dæg far!» Målet slo klikk for han, men han tok seg på tak att:
«Da kan berre rikk dæg ein-te gong, å rør a mor, så dæven besætti mæg!»
(…)
Per vart åleine inne. Men utom døra hørte han Anders, han var i hop med mora no:
«Det e så mykji du veit det mor: at du lystra’n far!»
«Ikkj herette, ban. Gang utu vein for mæg.»
Da Valborg kom inn, lest ho ikkje som Per fans i stua. Per kjente han hadde tapt.