Diktsamling i bokhandlardrama.

Inne i ein bokhandel
ligg eg-ei bok i frykt,
eg er ei samling dikt
som ikkje har det trygt.

Eg føler meg så utrygg
mellom bøker, tonn på tonn,
frå ekle " Ord om lykke "
til svære leksikon.

Eg er ei bok i redsle,
gøymt inne i ein krok,
bak ein diger dunge
Med Kjærstads nye bok.

Eg ropar til ein kunde :
" Kom og redd meg no! "
Folk kjem bort og blar ei stund,
og vel ut Erlend Loe.

Men alt går vel til slutt,
ein kunde gjer meg stolt,
han legg meg inntil Ari Behn,
og oppå Anne Holt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandBirgitte Veland LarsenCamillaBerit RTone SundlandConnieAndreas BoklesersveinJeanetteAre SkårIreneleserTonesiljehusmorTherese SteinskogLinda NyrudLailalillianerHilde Merete GjessingSynnøve H HoelKirsten LundIngeborgMarit HåverstadLesevimsaMarianne  SkageBjørg Marit TinholtNorahEllen Lindheim SlettevoldOdd HebækAnniken RøilKaramasov11Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethChristoffer SmedaasKaren PatriciaBertyFlettietteSigrid Blytt TøsdalHarald KDemeterIngvild S