Vi har jo berre kvarandre, høyrde ho mor si kviskre ein kveld. Ja, svara han, men så har vi kvarandre òg. Dei klappa kvarandre på hendene, strauk kvarandre og smilte vemodig. Ho ligg og lyttar til stega deira og skulle ynskje det same, at ho hadde kvarandre.